25 Den første tida dei budde der, frykta dei ikkje Herren. Difor sende Herren løver inn mellom dei, og løvene drap mange av dei.
26 Då var det nokon som sa til assyrarkongen: «Dei folka du førte bort og lét busetja seg i byane i Samaria, veit ikkje korleis dei skal dyrka guden her i landet. Han har sendt løver inn mellom dei, og løvene drep dei fordi dei ikkje veit korleis guden i landet skal dyrkast.»
27 Då gav assyrarkongen denne ordren: «Send tilbake ein av dei prestane de har ført bort frå landet! Lat han fara av stad og busetja seg der, og så skal han læra folket korleis guden i landet skal dyrkast.»
28 Ein av prestane som var bortført frå Samaria, kom då og busette seg i Betel. Han lærte folket korleis dei skulle frykta Herren.
29 Likevel heldt kvart folk fram med å laga seg sine eigne gudar og sette dei i heilagdomar som folket i Samaria hadde bygd på offerhaugane. Det gjorde kvart folk i byane der dei budde.
30 Folket frå Babel laga eit bilete av Sukkot-Benot, dei frå Kut laga eit bilete av Nergal, og dei frå Hamat laga eit bilete av Asjima.
31 Folket frå Avva laga bilete av Nibhas og Tartak, og dei frå Sefarvajim brende sønene sine i elden for Adrammelek og Anammelek, gudane i Sefarvajim.