8 og følgde skikkane hos dei folka som Herren hadde drive ut for israelittane, og bar seg åt som kongane deira hadde gjort.
9 I løynd gjorde israelittane det som ikkje var rett for Herren deira Gud. Dei bygde offerhaugar i alle byane sine, både i dei med vakttårn og i festningsbyane.
10 Dei reiste steinstøtter og Asjera-pålar på kvar høg haug og under kvart frodig tre.
11 På alle desse haugane tende dei offereld slik som dei folkeslaga Herren hadde drive bort for dei. Dei gjorde òg mykje anna vondt som gjorde Herren rasande.
12 Dei dyrka avgudar, endå Herren hadde sagt til dei: «Det skal de ikkje gjera!»
13 Herren åtvara Israel og Juda gjennom alle profetane og sjåarane sine. Han sa: «Vend om frå dykkar vonde ferd! Hald boda og forskriftene mine i samsvar med heile den lova eg la på fedrane dykkar og sende dykk gjennom tenarane mine, profetane.»
14 Men dei ville ikkje høyra. Dei var gjenstridige liksom fedrane deira, som ikkje trudde på Herren sin Gud.