11 Assyrarkongen førte israelittane bort til Assur og lét dei busetja seg i Halah og ved Habor, ei elv i Gosan, og i byane i Media.
12 Dette hende fordi dei ikkje ville høyra på Herren sin Gud, men braut pakta hans – alt det som Moses, Herrens tenar, hadde gjeve dei. Dei korkje høyrde eller gjorde etter det.
13 I det fjortande året Hiskia var konge, drog assyrarkongen Sanherib opp mot alle festningsbyane i Juda og tok dei.
14 Då sende Juda-kongen Hiskia bod til assyrarkongen i Lakisj og sa: «Eg har gjort gale. Dra bort frå meg! Det du legg på meg, skal eg bera.» Assyrarkongen kravde tre hundre talentar sølv og tretti talentar gull av Juda-kongen Hiskia.
15 Og Hiskia gav han alt sølvet som fanst i Herrens hus og i skattkammera i kongeborga.
16 På same tid braut kong Hiskia gullet av dørene i Herrens tempel og av dørkarmane som kongen sjølv hadde kledd med gull, og gav det til assyrarkongen.
17 Men assyrarkongen sende hærføraren, hoffsjefen og kommandanten med ein stor hær frå Lakisj mot kong Hiskia i Jerusalem. Dei rykte fram, og då dei kom til Jerusalem, stilte dei seg opp ved vassleidningen frå Øvredammen, ved vegen til vaskeplassen.