17 Men assyrarkongen sende hærføraren, hoffsjefen og kommandanten med ein stor hær frå Lakisj mot kong Hiskia i Jerusalem. Dei rykte fram, og då dei kom til Jerusalem, stilte dei seg opp ved vassleidningen frå Øvredammen, ved vegen til vaskeplassen.
18 Der byrja dei å ropa på kongen. Då gjekk borgherren Eljakim, son til Hilkia, ut til dei saman med riksskrivaren Sjebna og kanslaren Joah, son til Asaf.
19 Kommandanten ropa til dei: Sei til Hiskia: Så seier storkongen, kongen av Assur: Kva er det du lit på, sidan du kjenner deg så trygg?
20 Meiner du at tomme ord åleine er råd og styrke i krig? Kven er det du set di lit til, sidan du har gjort opprør mot meg?
21 Du set di lit til Egypt, den brotne røyrstaven! Om nokon støttar seg på den, trengjer han inn i handa hans og gjennomborar henne. Slik er farao, kongen i Egypt, mot alle som lit på han.
22 Men om du svarar meg: «Det er Herren vår Gud vi set vår lit til», då spør eg deg: Var det ikkje hans offerhaugar og altar Hiskia tok bort då han sa til folket i Juda og Jerusalem: «Berre framfor dette altaret i Jerusalem skal de bøya dykk og tilbe»?
23 Gjer no eit veddemål med herren min, kongen av Assur: Eg gjev deg to tusen hestar om du kan finna ryttarar til dei!