34 Kvar er gudane til Hamat og Arpad? Kvar er gudane til Sefarvajim, Hena og Ivva? Og kvar er Samarias gudar? Har dei berga landet ut av mi hand?
35 Kven er det av gudane i alle desse landa som har berga landet sitt ut av mi hand? Og så skulle Herren kunna berga Jerusalem!
36 Folket tagde og svara ikkje eit ord. For det var ordre frå kongen at dei ikkje skulle svara han.
37 Så kom borgherren Eljakim, son til Hilkia, riksskrivaren Sjebna og kanslaren Joah, son til Asaf, med sundrivne klede til Hiskia og melde kva kommandanten hadde sagt.