4 Han la ned offerhaugane, slo sund steinstøttene og hogg ned Asjera-pålane. Koparormen som Moses hadde laga, knuste han. Heilt til den tid hadde israelittane tent offereld til ormen. Dei kalla han Nehusjtan.
5 Hiskia sette si lit til Herren, Israels Gud. Verken før eller seinare har det vore hans like mellom alle Juda-kongane.
6 Han heldt seg nær til Herren og veik ikkje frå han. Han heldt dei boda som Herren hadde gjeve Moses.
7 Herren var med han, og han hadde lukka med seg i alt han tok seg føre. Han gjorde opprør mot assyrarkongen og ville ikkje tena han lenger.
8 Han slo filistrane heilt til Gaza og områda ikring, både byar med vakttårn og festningsbyane.
9 I det fjerde styringsåret til kong Hiskia, det sjuande året Hosea, son til Ela, var konge i Israel, drog assyrarkongen Salmanassar opp mot Samaria og omringa byen.
10 Då tre år var gått, tok dei han. Det var i det sjette styringsåret til Hiskia at Samaria fall, det niande året Hosea var konge i Israel.