9 I det fjerde styringsåret til kong Hiskia, det sjuande året Hosea, son til Ela, var konge i Israel, drog assyrarkongen Salmanassar opp mot Samaria og omringa byen.
10 Då tre år var gått, tok dei han. Det var i det sjette styringsåret til Hiskia at Samaria fall, det niande året Hosea var konge i Israel.
11 Assyrarkongen førte israelittane bort til Assur og lét dei busetja seg i Halah og ved Habor, ei elv i Gosan, og i byane i Media.
12 Dette hende fordi dei ikkje ville høyra på Herren sin Gud, men braut pakta hans – alt det som Moses, Herrens tenar, hadde gjeve dei. Dei korkje høyrde eller gjorde etter det.
13 I det fjortande året Hiskia var konge, drog assyrarkongen Sanherib opp mot alle festningsbyane i Juda og tok dei.
14 Då sende Juda-kongen Hiskia bod til assyrarkongen i Lakisj og sa: «Eg har gjort gale. Dra bort frå meg! Det du legg på meg, skal eg bera.» Assyrarkongen kravde tre hundre talentar sølv og tretti talentar gull av Juda-kongen Hiskia.
15 Og Hiskia gav han alt sølvet som fanst i Herrens hus og i skattkammera i kongeborga.