17 Herre, det er sant at kongane av Assur har lagt både land og folkeslag øyde
18 og kasta gudane deira på elden. Men dei er ikkje gudar, berre verk av menneskehender, laga av tre og stein. Dei har dei øydelagt.
19 Men du, Herre, vår Gud, frels oss no frå handa hans, så alle kongerike på jorda kan skjøna at du, Herre, berre du er Gud.»
20 Då sende Jesaja, son til Amos, dette bodet til Hiskia: Så seier Herren, Israels Gud: Eg har høyrt den bøna du bad til meg om Sanherib, kongen av Assur.
21 Dette er det ordet Herren talar mot han:Jomfrua håner deg,dotter Sion spottar deg,dotter Jerusalem rister på hovudet.
22 Kven er det du krenkjer og vanærar?Kven ropar du opp imot?Høgt lyfter du augamot Israels Heilage.
23 Du lét dine sendemenn spotta Herrenog sa: «Med mine mange vognerdrog eg opp til dei høgaste fjella,til Libanons fjernaste trakter.Der hogg eg ned høgvaksne sedertreog dei finaste sypressar.Eg nådde den fjernaste kvilestadder skogen stod tjukkast.