2 Så sende han borgherren Eljakim, riksskrivaren Sjebna og dei eldste av prestane, kledde i sekkestrie, til profeten Jesaja, son til Amos.
3 Dei sa til han: «Så seier Hiskia: Dette er ein dag med trengsle, straff og vanære; for borna er komne til livmormunnen, men det finst ikkje kraft til å føda.
4 Kanskje Herren din Gud har høyrt alle dei orda kommandanten har sagt, han som er send av herren sin, assyrarkongen, for å håna den levande Gud. Kanskje Herren din Gud vil straffa han for dei orda han har høyrt. Så send då opp ei bøn for den resten som enno er att!»
5 Då mennene til kong Hiskia kom til Jesaja,
6 sa han til dei: «Sei til herren dykkar: Så seier Herren: Ver ikkje redd for dei orda du har høyrt, dei hånsorda som mennene til assyrarkongen har tala mot meg.
7 No skal eg gje han ein tanke. Han skal høyra eit rykte og venda attende til sitt eige land, og der vil eg la han falla for sverd.»
8 Då kommandanten fekk høyra at assyrarkongen hadde brote opp frå Lakisj, drog han bort og fann kongen i kamp mot Libna.