22 Kven er det du krenkjer og vanærar?Kven ropar du opp imot?Høgt lyfter du augamot Israels Heilage.
23 Du lét dine sendemenn spotta Herrenog sa: «Med mine mange vognerdrog eg opp til dei høgaste fjella,til Libanons fjernaste trakter.Der hogg eg ned høgvaksne sedertreog dei finaste sypressar.Eg nådde den fjernaste kvilestadder skogen stod tjukkast.
24 Eg grov og drakkav framandt vatn.Med fotsolane tørka eg utalle elvane i Egypt.»
25 Har du ikkje høyrt det?Eg gjorde det for lenge sidan,eg forma det i eldgammal tid,og no lèt eg det skje.Så kunne du øydeleggja festningsbyarog gjera dei til ruinhaugar.
26 Dei som budde der,stod med kraftlause hender,fylte av skrekk og skam.Dei vart som graset på marka,grøne vekstar og graset på tak,som svid av før det veks til.
27 Om du sit, kjem eller går,veit eg det– og om du rasar mot meg.
28 Men fordi du rasar mot megog ditt overmot har nådd øyra mine,set eg ring i nasen dinog legg beksel i munnen.Så fører eg deg tilbakeden vegen du kom.