28 Men fordi du rasar mot megog ditt overmot har nådd øyra mine,set eg ring i nasen dinog legg beksel i munnen.Så fører eg deg tilbakeden vegen du kom.
29 Dette skal du ha til teikn:Første året skal de eta korn som veks av seg sjølv,andre året kornet som veks av det att,men tredje året skal de så og hausta,planta vinmarker og eta frukta!
30 Den rest av Judas hus som blir berga,skyt på nytt djupe røter,greinene ber frukt.
31 For frå Jerusalem kjem ein rest,frå Sion-fjellet ein flokk som er berga. Herren skal gjera dettei sin brennande iver.
32 Difor seier Herren om assyrarkongen:Han skal ikkje koma inn i denne byenog ikkje skyta ei pil dit inn.Han skal ikkje gå imot han med skjoldog ikkje reisa opp ein voll imot han.
33 Den vegen han kom, skal han venda attende;i denne byen skal han ikkje koma inn,seier Herren.
34 Eg vil verna denne byenog berga hanfor mi eiga skuld og for min tenar Davids skuld.