30 Den rest av Judas hus som blir berga,skyt på nytt djupe røter,greinene ber frukt.
31 For frå Jerusalem kjem ein rest,frå Sion-fjellet ein flokk som er berga. Herren skal gjera dettei sin brennande iver.
32 Difor seier Herren om assyrarkongen:Han skal ikkje koma inn i denne byenog ikkje skyta ei pil dit inn.Han skal ikkje gå imot han med skjoldog ikkje reisa opp ein voll imot han.
33 Den vegen han kom, skal han venda attende;i denne byen skal han ikkje koma inn,seier Herren.
34 Eg vil verna denne byenog berga hanfor mi eiga skuld og for min tenar Davids skuld.
35 Den natta gjekk Herrens engel ut og slo i hel eitt hundre og åttifem tusen mann i assyrarleiren. Då folk stod opp om morgonen, fekk dei sjå alle dei døde kroppane som låg der.
36 Då braut assyrarkongen Sanherib opp og drog heim att. Og sidan heldt han seg i ro i Ninive.