33 Den vegen han kom, skal han venda attende;i denne byen skal han ikkje koma inn,seier Herren.
34 Eg vil verna denne byenog berga hanfor mi eiga skuld og for min tenar Davids skuld.
35 Den natta gjekk Herrens engel ut og slo i hel eitt hundre og åttifem tusen mann i assyrarleiren. Då folk stod opp om morgonen, fekk dei sjå alle dei døde kroppane som låg der.
36 Då braut assyrarkongen Sanherib opp og drog heim att. Og sidan heldt han seg i ro i Ninive.
37 Ein gong medan han bøygde seg og bad i tempelet til Nisrok, guden sin, hogg sønene hans, Adrammelek og Sareser, han ned med sverd. Dei flykta til Ararat-landet. Og Asar-Haddon, son til Sanherib, vart konge etter han.