5 Då mennene til kong Hiskia kom til Jesaja,
6 sa han til dei: «Sei til herren dykkar: Så seier Herren: Ver ikkje redd for dei orda du har høyrt, dei hånsorda som mennene til assyrarkongen har tala mot meg.
7 No skal eg gje han ein tanke. Han skal høyra eit rykte og venda attende til sitt eige land, og der vil eg la han falla for sverd.»
8 Då kommandanten fekk høyra at assyrarkongen hadde brote opp frå Lakisj, drog han bort og fann kongen i kamp mot Libna.
9 Kongen fekk no meldinga om at Tirhaka, kongen i Kusj, hadde teke ut for å kjempa mot han. Då sende han igjen bod til Hiskia og sa:
10 «Så skal de seia til Juda-kongen Hiskia: Lat deg ikkje lura av din Gud som du stolar på, når han seier: Jerusalem skal ikkje falla i hendene på assyrarkongen.
11 Du har sjølv høyrt kva assyrarkongane har gjort med alle landa dei har slege med bann og øydelagt. Og du skulle bli berga?