4 Så sa Elia til han: «Ver her, Elisja! For Herren sender meg til Jeriko.» Han svara: «Så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Eg skil ikkje lag med deg.» Så gjekk dei til Jeriko.
5 Profetlæresveinane der i byen kom bort til Elisja og sa til han: «Veit du at Herren i dag vil ta meisteren din bort beint over hovudet på deg?» Han svara: «Ja, eg veit det. Tei berre stilt!»
6 No sa Elia til han: «Ver her! For Herren sender meg til Jordan.» Elisja svara: «Så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Eg skil ikkje lag med deg.» Så gjekk dei vidare saman.
7 Femti av profetlæresveinane følgde etter dei. Dei vart ståande midt imot Elia og Elisja langt borte, medan dei to stilte seg opp ved Jordan.
8 Elia tok kappa si, rulla henne saman og slo på vatnet. Då skilde vatnet seg, og begge gjekk over på tørre botnen.
9 Medan dei gjekk over, sa Elia til Elisja: «Sei meg, kva kan eg gjera for deg før eg blir teken frå deg?» Elisja sa: «Lat meg få ånda di i dobbelt mål!»
10 Elia svara: «Det er vanskeleg, det du ber om. Men ser du meg når eg blir teken frå deg, skal du få det, elles ikkje.»