17 Sjå, dagar skal koma då alt som er i slottet ditt, det som fedrane dine har samla til denne dag, skal førast bort til Babel. Ingen ting skal bli att, seier Herren.
18 Dei skal ta nokre av sønene dine, av dei som stammar frå deg, og som du er opphav til, og gjera dei til hoffmenn i slottet til kongen av Babel.»
19 Då sa Hiskia til Jesaja: «Godt er det ordet frå Herren som du har tala.» Han sa til seg sjølv: «Freden er nok trygg så lenge eg lever.»
20 Det som elles er å seia om Hiskia og alle dei storverk han gjorde, korleis han laga dammen og tunnelen og leidde vatnet inn i byen, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane.
21 Hiskia gjekk til kvile hos fedrane sine, og son hans, Manasse, vart konge etter han.