10 Då tala Herren gjennom tenarane sine, profetane, og sa:
11 Fordi Juda-kongen Manasse har gjort desse stygge gjerningane, har han i eitt og alt handla verre enn amorittane før han. Med si avgudsdyrking har han òg leidd judearane til synd.
12 Difor seier Herren, Israels Gud: No fører eg ulukke over Jerusalem og Juda så det skal ringja for øyra på kvar den som høyrer om det.
13 Eg vil spenna ut same målesnora over Jerusalem som over Samaria og bruka same vektloddet som mot Ahabs hus. Eg vil tørka Jerusalem bort som når ein tørkar av eit fat og snur det opp ned.
14 Eg forkastar den siste rest av folket mitt. Eg gjev dei over i hendene på fiendane deira, så dei alle kan røva og plyndra dei.
15 Slik skal det gå fordi dei har gjort det som vondt er i mine auge. Dei har gjort meg rasande frå den dagen fedrane deira gjekk ut av Egypt, og til denne dag.
16 Manasse lét så mange uskuldige døy at han fylte Jerusalem med blod frå ende til annan. Han fekk òg judearane med på si synd, og dei gjorde det som vondt var i Herrens auge.