18 Manasse gjekk til kvile hos fedrane sine. Han vart gravlagd i Ussa-hagen, som låg like ved slottet hans, og Amon, son hans, vart konge etter han.
19 Amon var tjueto år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i to år. Mor hans heitte Mesjullemet og var dotter til Harus frå Jotba.
20 Amon gjorde det som vondt var i Herrens auge, slik Manasse, far hans, hadde gjort.
21 Han følgde i eitt og alt den same vegen som far sin. Han dyrka dei same avgudane som faren og bøygde seg og tilbad dei.
22 Han forlét Herren, sine fedrars Gud, og vandra ikkje på Herrens veg.
23 Mennene til Amon svor seg saman mot han, og dei drap kongen i hans eige hus.
24 Men folket i landet slo i hel alle som hadde svore seg saman mot kong Amon, og så tok dei Josjia, son hans, til konge etter han.