21 Han følgde i eitt og alt den same vegen som far sin. Han dyrka dei same avgudane som faren og bøygde seg og tilbad dei.
22 Han forlét Herren, sine fedrars Gud, og vandra ikkje på Herrens veg.
23 Mennene til Amon svor seg saman mot han, og dei drap kongen i hans eige hus.
24 Men folket i landet slo i hel alle som hadde svore seg saman mot kong Amon, og så tok dei Josjia, son hans, til konge etter han.
25 Det som elles er å seia om Amon og det han utretta, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane.
26 Amon vart lagd i grava si i Ussa-hagen, og Josjia, son hans, vart konge etter han.