1 Josjia var åtte år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i trettiein år. Mor hans heitte Jedida og var dotter til Adaja frå Boskat.
2 Josjia gjorde det som rett var i Herrens auge. Han følgde i eitt og alt den same vegen som David, stamfar hans, og bøygde ikkje av, korkje til høgre eller venstre.
3 I det attande styringsåret sende kong Josjia riksskrivaren Sjafan, son til Asalja, son til Mesjullam, til Herrens hus. Han sa:
4 «Gå til øvstepresten Hilkia og bed han telja opp dei pengane som er komne inn til Herrens hus, dei som dørvaktarane har samla inn hos folket.
5 Han skal gje pengane til arbeidsleiarane som har tilsyn med Herrens hus. Og dei skal gje dei vidare til handverkarane som arbeider i Herrens hus og reparerer skadane der,