14 Då gjekk presten Hilkia saman med Ahikam, Akbor, Sjafan og Asaja til profetkvinna Hulda, som var gift med Sjallum, son til Tikva, son til Harhas, han som hadde tilsyn med kleskammeret. Hulda budde i den nye bydelen i Jerusalem. Dei la saka fram for henne,
15 og ho sa til dei:Så seier Herren, Israels Gud: Sei til den mannen som har sendt dykk til meg:
16 Så seier Herren: Sjå, eg fører ulukke over denne staden og dei som bur der, alt det som er nemnt i den bokrullen Juda-kongen har lese.
17 For dei har gått ifrå meg og tent offereld for andre gudar. Slik har dei gjort meg rasande med framferda si. Harmen flammar mot denne staden, og han skal ikkje slokna.
18 Men til Juda-kongen som sende dykk for å søkja råd hos Herren, skal de seia: Så seier Herren, Israels Gud: Du har no høyrt desse orda.
19 Dei rørte ved hjartet ditt, og du audmjuka deg for Herrens andlet då du høyrde det eg tala mot denne staden og mot dei som bur der: at dei skal bli til skrekk og forbanning. Fordi du reiv sund kleda dine og gret for mitt andlet, har eg òg høyrt, seier Herren.
20 Difor vil eg la deg koma til fedrane dine. I fred skal du sameinast med dei i grava. Auga dine skal sleppa å sjå all den ulukka eg fører over denne staden.Med dette svaret kom dei heim att til kongen.