3 I det attande styringsåret sende kong Josjia riksskrivaren Sjafan, son til Asalja, son til Mesjullam, til Herrens hus. Han sa:
4 «Gå til øvstepresten Hilkia og bed han telja opp dei pengane som er komne inn til Herrens hus, dei som dørvaktarane har samla inn hos folket.
5 Han skal gje pengane til arbeidsleiarane som har tilsyn med Herrens hus. Og dei skal gje dei vidare til handverkarane som arbeider i Herrens hus og reparerer skadane der,
6 og til tømrarane, bygningsmennene og murarane. Pengane skal òg brukast til å kjøpa inn tømmer og hoggen stein, så tempelet kan setjast i stand.
7 Men ingen skal føra kontroll med dei pengane som er tiltrudde dei; for dei fer ærleg fram.»
8 Då sa øvstepresten Hilkia til riksskrivaren Sjafan: «Eg har funne ein bokrull med lova i Herrens hus.» Hilkia gav bokrullen til Sjafan, som las han.
9 Riksskrivaren Sjafan gjekk tilbake til kongen og melde: «Tenarane dine har tømt ut dei pengane som fanst i tempelet, og gjeve dei til arbeidsleiarane som har tilsyn med Herrens hus.»