6 og til tømrarane, bygningsmennene og murarane. Pengane skal òg brukast til å kjøpa inn tømmer og hoggen stein, så tempelet kan setjast i stand.
7 Men ingen skal føra kontroll med dei pengane som er tiltrudde dei; for dei fer ærleg fram.»
8 Då sa øvstepresten Hilkia til riksskrivaren Sjafan: «Eg har funne ein bokrull med lova i Herrens hus.» Hilkia gav bokrullen til Sjafan, som las han.
9 Riksskrivaren Sjafan gjekk tilbake til kongen og melde: «Tenarane dine har tømt ut dei pengane som fanst i tempelet, og gjeve dei til arbeidsleiarane som har tilsyn med Herrens hus.»
10 Så fortalde han kongen at presten Hilkia hadde gjeve han ein bokrull. Og han las opp frå han for kongen.
11 Då Josjia høyrde det som stod i bokrullen, reiv han sund kleda sine.
12 Så gav han dette bodet til presten Hilkia og til Ahikam, son til Sjafan, Akbor, son til Mika, riksskrivaren Sjafan og kongsmannen Asaja: