1 Då sende kongen bod etter alle dei eldste i Juda og Jerusalem, og dei samla seg hos han.
2 Sidan gjekk han opp til Herrens hus, og alle judearane og alle som budde i Jerusalem – prestane og profetane, heile folket, både små og store – følgde han. Han las opp for dei alt det som stod skrive i paktboka som var funnen i Herrens hus.
3 Kongen stilte seg opp ved søyla og gjorde ei pakt for Herrens andlet: Folket skulle følgja Herren og halda hans bod, reglar og forskrifter av heile sitt hjarte og heile si sjel. Alle dei paktorda som var skrivne i denne bokrullen, skulle dei halda. Og heile folket gjekk med i pakta.
4 Kongen gav påbod til øvstepresten Hilkia, prestane under han og dørvaktarane om å fjerna frå Herrens tempel alt det utstyret som var laga for Baal og Asjera og heile himmelhæren. Han brende det utanfor Jerusalem, på avsatsane i Kedron-dalen, og oska tok han med til Betel.