2. Kongebok 23:2-8 N11NN

2 Sidan gjekk han opp til Herrens hus, og alle judearane og alle som budde i Jerusalem – prestane og profetane, heile folket, både små og store – følgde han. Han las opp for dei alt det som stod skrive i paktboka som var funnen i Herrens hus.

3 Kongen stilte seg opp ved søyla og gjorde ei pakt for Herrens andlet: Folket skulle følgja Herren og halda hans bod, reglar og forskrifter av heile sitt hjarte og heile si sjel. Alle dei paktorda som var skrivne i denne bokrullen, skulle dei halda. Og heile folket gjekk med i pakta.

4 Kongen gav påbod til øvstepresten Hilkia, prestane under han og dørvaktarane om å fjerna frå Herrens tempel alt det utstyret som var laga for Baal og Asjera og heile himmelhæren. Han brende det utanfor Jerusalem, på avsatsane i Kedron-dalen, og oska tok han med til Betel.

5 Josjia avsette dei avgudsprestane som Juda-kongane hadde sett inn, dei som tende offereld på haugane i Juda-byane og rundt ikring Jerusalem, og dei som tende offereld for Baal, for sola og månen, for stjernebileta og heile himmelhæren.

6 Asjera-pålen tok han frå Herrens hus og førte han ut frå Jerusalem, til Kedron-dalen. Der brende han pålen til oske, og oska strødde han på gravplassen til folket.

7 Han reiv ned kammera til dei tempelprostituerte mennene som heldt til i Herrens hus, og staden der kvinnene vov klede til Asjera.

8 Så flytte Josjia alle prestane inn frå byane i Juda. Og offerhaugane der prestane tende offereld, gjorde han ureine, frå Geba til Beer-Sjeba. Han reiv òg heilagstadene ved byporten, som låg ved porten til bykommandanten Josva, til venstre når ein går inn gjennom byporten.