23 Det var først i det attande styringsåret til Josjia at dei heldt denne påskehelga for Herren i Jerusalem.
24 Josjia utrydda åndemanarane og spåmennene, terafane og avgudane og alle ufyselege gudebilete som var å sjå i Juda og Jerusalem. Slik ville han halda lovboda som stod skrivne i den bokrullen presten Hilkia hadde funne i Herrens hus.
25 Det hadde aldri før vore nokon konge som Josjia. Ingen hadde på den måten vendt om til Herren av heile sitt hjarte og heile si sjel og av all si makt, heilt som Moselova krev. Og heller ikkje seinare stod det fram nokon konge som han.
26 Likevel trekte ikkje Herren attende sin veldige og glødande vreide som hadde flamma opp mot Juda fordi Manasse gjorde Gud rasande gong på gong.
27 Herren sa: «Juda vil eg òg driva bort frå mitt andlet, slik eg dreiv Israel bort. Eg vil vraka Jerusalem, denne byen eg valde ut, og det tempelet der eg har sagt at namnet mitt skal bu.»
28 Det som elles er å seia om Josjia og alt det han gjorde, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane.
29 I Josjias dagar drog farao Neko, kongen i Egypt, opp mot assyrarkongen og rykte fram til elva Eufrat. Kong Josjia drog ut imot han, men farao Neko drap han ved Megiddo med det same han fekk sjå han.