7 Han reiv ned kammera til dei tempelprostituerte mennene som heldt til i Herrens hus, og staden der kvinnene vov klede til Asjera.
8 Så flytte Josjia alle prestane inn frå byane i Juda. Og offerhaugane der prestane tende offereld, gjorde han ureine, frå Geba til Beer-Sjeba. Han reiv òg heilagstadene ved byporten, som låg ved porten til bykommandanten Josva, til venstre når ein går inn gjennom byporten.
9 Dei som hadde vore prestar på offerhaugane, fekk ikkje bera fram offer på Herrens altar i Jerusalem. Men dei fekk eta usyra brød saman med brørne sine.
10 Også Tofet i Hinnom-dalen gjorde Josjia ureint. Ingen skulle la son sin eller dotter si gå gjennom elden for Molok.
11 Han fekk bort dei hestane som Juda-kongane hadde vigsla til sola; dei stod ved inngangen til Herrens hus, ved kammeret til hoffmannen Natan-Melek i føregarden. Solvognene òg brende han opp.
12 Kongen reiv ned altara på taket, takheilagdomen til Ahas, som Juda-kongane hadde reist, og dei altara som Manasse hadde bygd i begge føregardane til Herrens hus. Han slo dei sund og kasta støvet ut i Kedron-dalen.
13 Også offerhaugane som vende mot Jerusalem, på sørsida av Øydeleggingsberget, gjorde kongen ureine. Det var Salomo, Israels konge, som hadde bygd dei for Astarte, den motbydelege gudinna til folket i Sidon, for Kemosj, den motbydelege guden til Moab, og for Milkom, den avskyelege guden til ammonittane.