1 I Jojakims dagar drog kong Nebukadnesar av Babel i krig, og Jojakim måtte gje seg under han i tre år. Men så gjorde Jojakim opprør mot han.
2 Då sende Herren røvarflokkar imot han, kaldearar, aramearar, moabittar og ammonittar. Han sende dei mot Juda for å gjera ende på folket. For så lydde ordet Herren hadde tala gjennom tenarane sine, profetane.
3 Det som hende med Juda, var heilt etter Herrens ord. Slik ville han støyta dei bort frå sitt andlet på grunn av alle dei syndene Manasse hadde gjort.
4 Han lét så mykje uskuldig blod renna at heile Jerusalem vart fylt med blod. Og det ville Herren ikkje tilgje.
5 Det som elles er å seia om Jojakim og alt det han gjorde, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane.
6 Jojakim gjekk til kvile hos fedrane sine, og son hans, Jojakin, vart konge etter han.
7 Kongen i Egypt drog no ikkje ut frå landet sitt meir, for kongen av Babel hadde teke alt land som høyrde han til, frå Egyptarbekken til elva Eufrat.