3 Det som hende med Juda, var heilt etter Herrens ord. Slik ville han støyta dei bort frå sitt andlet på grunn av alle dei syndene Manasse hadde gjort.
4 Han lét så mykje uskuldig blod renna at heile Jerusalem vart fylt med blod. Og det ville Herren ikkje tilgje.
5 Det som elles er å seia om Jojakim og alt det han gjorde, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane.
6 Jojakim gjekk til kvile hos fedrane sine, og son hans, Jojakin, vart konge etter han.
7 Kongen i Egypt drog no ikkje ut frå landet sitt meir, for kongen av Babel hadde teke alt land som høyrde han til, frå Egyptarbekken til elva Eufrat.
8 Jojakin var atten år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tre månader. Mor hans heitte Nehusjta og var dotter til Elnatan frå Jerusalem.
9 Jojakin gjorde det som vondt var i Herrens auge, i eitt og alt slik far hans hadde gjort.