9 Jojakin gjorde det som vondt var i Herrens auge, i eitt og alt slik far hans hadde gjort.
10 På den tid drog mennene til kong Nebukadnesar av Babel opp mot Jerusalem, og byen vart kringsett.
11 Nebukadnesar kom sjølv til byen medan mennene hans heldt han kringsett.
12 Då gav Juda-kongen Jojakin seg over til kongen av Babel saman med mor si og tenarane sine, stormenn og hoffmenn. Og kongen av Babel tok han til fange i det åttande styringsåret sitt.
13 Nebukadnesar førte bort alle skattane i Herrens hus og i kongeborga og braut gullet av alt det utstyret som Israels konge Salomo hadde fått laga til Herrens tempel. Det gjekk som Herren hadde sagt.
14 Han førte bort alt folket i Jerusalem, alle stormennene og rikmennene, ti tusen fangar i alt, og alle handverkarane og smedane. Berre dei fattigaste i landet vart att.
15 Jojakin førte han i eksil til Babel. Mor til kongen og konene hans, hoffmennene og dei mektigaste mennene i landet vart òg bortførte frå Jerusalem til Babel.