1 Då drog Nebukadnesar med heile sin hær mot Jerusalem. Det var i det niande styringsåret til Sidkia, den tiande dagen i den tiande månaden. Dei slo leir utfor byen og bygde ein voll rundt han.
2 Og byen var kringsett til kong Sidkias ellevte styringsår.
3 Den niande dagen i den fjerde månaden, då hungersnauda var som verst og folket ikkje hadde meir mat,
4 braut fienden gjennom bymuren. Om natta flykta alle krigarane gjennom porten mellom dei to murane, ved kongens hage, endå kaldearane hadde kringsett byen. Og dei tok vegen mot Araba-sletta.
5 Men kaldearhæren sette etter kongen og nådde han att på slettene ved Jeriko. Då hadde heile hæren flykta frå han og var spreidd.