17 Begge søylene var atten alner høge og hadde eit søylehovud av bronse som var tre alner høgt. Rundt om på søylehovudet var det slyngornament av granateple, alt saman av bronse.
18 Overhovudet over livvakta tok med seg øvstepresten Seraja, presten under han, Sefanja, og dei tre dørvaktarane.
19 Frå byen tok han med seg ein hoffmann som hadde tilsyn med krigarane, fem av kongens fremste tenestemenn som endå var i byen, dessutan skrivaren til hærføraren, han som skreiv ut folk i landet til krigsteneste, og seksti mann av folket som elles fanst i byen.
20 Alle desse tok Nebusaradan, sjefen for livvakta, med seg. Han førte dei til Babel-kongen i Ribla.
21 Og han slo dei i hel der, i Ribla i Hamat-landet. Slik vart folket i Juda ført bort frå landet sitt.
22 Kong Nebukadnesar av Babel sette Gedalja, son til Ahikam, son til Sjafan, til å styra over den delen av folket som var att i Juda, dei som kongen hadde late vera att.
23 Då alle hærførarane og mennene deira fekk høyra at kongen hadde sett inn Gedalja, kom dei til han i Mispa: Ismael, son til Netanja, Johanan, son til Kareah, Seraja, son til Tanhumet frå Netofa, og Jaasanja, son til ein mann frå Maaka. Alle kom dei med mennene sine.