27 I det trettisjuande året etter at Juda-kongen Jojakin var bortført, den tjuesjuande dagen i den tolvte månaden i det året han sjølv vart konge, tok Babel-kongen Evil-Merodak Juda-kongen Jojakin til nåde og sette han fri frå fengselet.
28 Han snakka venleg med han og gav han den fremste plassen mellom dei andre kongane som var hos han i Babel.
29 Jojakin fekk leggja av fangedrakta, og han åt alltid ved kongens bord så lenge han levde.
30 Sitt daglege brød fekk han av kongen, dag for dag så lenge han levde.