6 Kongen vart gripen og ført opp til Ribla, til kongen av Babel, som felte dommen over han.
7 Han drap sønene til Sidkia medan han såg på. Så stakk han ut auga på Sidkia, batt han med bronselenkjer og førte han til Babel.
8 Den sjuande dagen i den femte månaden – det var i det nittande styringsåret til Nebukadnesar – kom ein av Babel-kongens menn til Jerusalem. Han heitte Nebusaradan og var sjef for livvakta.
9 Nebusaradan sette Herrens hus og kongeborga i brann. Alle husa og palassa i Jerusalem brende han opp.
10 Og heile kaldearhæren som stod under kommandoen hans, reiv murane rundt Jerusalem.
11 Så førte Nebusaradan bort dei som var att i byen, og dei som hadde falle frå og gått over til Babel-kongen, og resten av folket.
12 Berre ein del av dei fattigaste i landet lét han vera att; dei skulle arbeida på vinmarkene og på åkrane.