1 I det attande året Josjafat var konge i Juda, vart Joram, son til Ahab, konge i Israel. Joram styrte i Samaria i tolv år.
2 Joram gjorde det som vondt var i Herrens auge, men bar seg ikkje så ille åt som far og mor hans hadde gjort. Han tok bort den Baal-støtta som far hans hadde laga.
3 Men han heldt fast ved dei syndene som Jeroboam, son til Nebat, hadde fått israelittane med på. Dei vende han seg ikkje bort frå.
4 Mesja, kongen i Moab, dreiv med saueal. I skatt til Israels-kongen betalte han hundre tusen lam og ulla av hundre tusen vêrar.
5 Men då Ahab døydde, gjorde kongen i Moab opprør mot kongen i Israel.
6 Straks drog kong Joram ut frå Samaria og mønstra heile Israel.
7 Så sende han bod til Juda-kongen Josjafat og sa: «Kongen i Moab har gjort opprør mot meg. Vil du gå i krig mot Moab saman med meg?» Han svara: «Ja, det vil eg; eg som du, mitt folk som ditt folk, mine hestar som dine hestar.»