3 Men han heldt fast ved dei syndene som Jeroboam, son til Nebat, hadde fått israelittane med på. Dei vende han seg ikkje bort frå.
4 Mesja, kongen i Moab, dreiv med saueal. I skatt til Israels-kongen betalte han hundre tusen lam og ulla av hundre tusen vêrar.
5 Men då Ahab døydde, gjorde kongen i Moab opprør mot kongen i Israel.
6 Straks drog kong Joram ut frå Samaria og mønstra heile Israel.
7 Så sende han bod til Juda-kongen Josjafat og sa: «Kongen i Moab har gjort opprør mot meg. Vil du gå i krig mot Moab saman med meg?» Han svara: «Ja, det vil eg; eg som du, mitt folk som ditt folk, mine hestar som dine hestar.»
8 «Kva veg skal vi ta?» spurde Joram. Josjafat svara: «Vegen gjennom øydemarka i Edom.»
9 Så drog kongane i Israel, Juda og Edom av stad. Men då dei hadde vore undervegs i sju dagar, fanst det ikkje vatn, korkje til hæren eller til dyra dei hadde med seg.