14 «Kva kan eg då gjera for henne?» spurde profeten. Gehasi svara: «Ho har ingen son, og mannen hennar er gammal.»
15 Då sa Elisja: «Rop på henne!» Han ropa på henne, og ho kom og vart ståande i døropninga.
16 Profeten sa: «Når tida er inne, skal du ha ein son i armane.» Men ho svara: «Nei, herre, du som er ein gudsmann, lyg for tenestekvinna di!»
17 Kvinna vart med barn, og då tida var inne, fekk ho ein son, slik Elisja hadde sagt henne.
18 Guten voks opp, og ein dag gjekk han ut til far sin og onnefolket.
19 Då sa han til faren: «Hovudet mitt, hovudet mitt!» Då sa faren til tenesteguten: «Ber han heim til mor hans!»
20 Han tok og bar han heim til mora, og guten sat på fanget hennar til middag; då døydde han.