17 Kvinna vart med barn, og då tida var inne, fekk ho ein son, slik Elisja hadde sagt henne.
18 Guten voks opp, og ein dag gjekk han ut til far sin og onnefolket.
19 Då sa han til faren: «Hovudet mitt, hovudet mitt!» Då sa faren til tenesteguten: «Ber han heim til mor hans!»
20 Han tok og bar han heim til mora, og guten sat på fanget hennar til middag; då døydde han.
21 Ho gjekk opp og la han på senga til gudsmannen. Så lét ho att døra og gjekk ut.
22 Kona ropa på mannen sin og sa: «Send meg ein av tenestegutane med eit esel! Eg må skunda meg til gudsmannen, og så kjem eg att.»
23 Han spurde: «Kvifor vil du fara dit i dag? Det er då verken nymånedag eller sabbat.» Ho svara: «Uroa deg ikkje!»