18 Guten voks opp, og ein dag gjekk han ut til far sin og onnefolket.
19 Då sa han til faren: «Hovudet mitt, hovudet mitt!» Då sa faren til tenesteguten: «Ber han heim til mor hans!»
20 Han tok og bar han heim til mora, og guten sat på fanget hennar til middag; då døydde han.
21 Ho gjekk opp og la han på senga til gudsmannen. Så lét ho att døra og gjekk ut.
22 Kona ropa på mannen sin og sa: «Send meg ein av tenestegutane med eit esel! Eg må skunda meg til gudsmannen, og så kjem eg att.»
23 Han spurde: «Kvifor vil du fara dit i dag? Det er då verken nymånedag eller sabbat.» Ho svara: «Uroa deg ikkje!»
24 Så sala ho eselet og sa til tenesteguten: «Driv det av garde, og stopp meg ikkje medan eg rid, utan at eg bed deg om det.»