22 Kona ropa på mannen sin og sa: «Send meg ein av tenestegutane med eit esel! Eg må skunda meg til gudsmannen, og så kjem eg att.»
23 Han spurde: «Kvifor vil du fara dit i dag? Det er då verken nymånedag eller sabbat.» Ho svara: «Uroa deg ikkje!»
24 Så sala ho eselet og sa til tenesteguten: «Driv det av garde, og stopp meg ikkje medan eg rid, utan at eg bed deg om det.»
25 Så tok kvinna i veg og kom til gudsmannen på Karmel-fjellet. Då han såg henne langt borte, sa han til Gehasi, tenaren sin: «Sjå, der kjem kvinna frå Sjunem!
26 Spring straks til møtes med henne og sei: Står det bra til med deg og mannen din og guten?» «Ja, det står bra til», svara ho.
27 Då ho kom opp på fjellet til gudsmannen, tok ho om føtene hans. Gehasi gjekk fram og ville skuva henne bort. Men gudsmannen sa: «Lat henne vera! Ho ber ei bitter sorg, men Herren har løynt det for meg og har ikkje late meg få vita det.»
28 Kvinna sa: «Har eg bede deg om ein son, herre? Eg sa då at du ikkje måtte gje meg falske voner.»