26 Spring straks til møtes med henne og sei: Står det bra til med deg og mannen din og guten?» «Ja, det står bra til», svara ho.
27 Då ho kom opp på fjellet til gudsmannen, tok ho om føtene hans. Gehasi gjekk fram og ville skuva henne bort. Men gudsmannen sa: «Lat henne vera! Ho ber ei bitter sorg, men Herren har løynt det for meg og har ikkje late meg få vita det.»
28 Kvinna sa: «Har eg bede deg om ein son, herre? Eg sa då at du ikkje måtte gje meg falske voner.»
29 Då sa Elisja til Gehasi: «Spenn beltet om livet, ta staven min i handa og gå av stad! Møter du nokon på vegen, så helsa ikkje på han, og helsar nokon på deg, så svara han ikkje! Du skal leggja staven min over andletet til guten.»
30 Mor til guten sa: «Så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Eg går ikkje frå deg!» Då stod profeten opp og følgde henne.
31 Gehasi fór føre dei og la staven over andletet til guten. Men det var ikkje ein lyd å høyra, ikkje eit livsteikn å sjå. Så gjekk han tilbake, og då han møtte Elisja, fortalde han at guten ikkje hadde vakna.
32 Då Elisja kom fram til huset, låg guten død i senga.