3 Då sa han: «Gå til alle grannane dine og lån deg kar, så mange tomme kar som du kan få tak i.
4 Så skal du gå inn og stengja døra etter deg og sønene dine! Slå olje i alle desse kara, og set dei bort når dei er fulle!»
5 Kvinna gjekk frå han, og ho stengde døra etter seg og sønene sine. Dei gav henne kara, og ho slo i.
6 Då kara var fulle, sa ho til ein av sønene: «Lat meg få eit kar til!» Men han svara: «Her er ikkje fleire.» Då heldt oljen opp med å renna.
7 Ho gjekk og fortalde dette til gudsmannen. Han sa: «Gå av stad og sel oljen, og betal skulda di! Så kan du og sønene dine leva av det som blir att.»
8 Ein dag gjekk Elisja over til Sjunem. Der var det ei velståande kvinne som inntrengjande bad han om å eta hos seg. Og sidan tok han inn der og fekk seg mat kvar gong han fór forbi.
9 Ein gong sa ho til mannen sin: «Høyr her! Eg veit at han som støtt kjem innom oss, er ein heilag gudsmann.