40 Dei auste opp så mennene kunne få eta. Men då dei smaka på maten, skreik dei opp og ropa: «Det er død i gryta, gudsmann!» Og dei kunne ikkje eta det.
41 Då sa Elisja: «Hent litt mjøl!» Det hadde han opp i gryta og sa: «Aus no opp til folket, så dei får eta.» Då var det ikkje lenger noko skadeleg i gryta.
42 Ein dag kom det ein mann frå Baal-Sjalisja. Han hadde med seg brød til gudsmannen, tjue byggbrød som var baka av førstegrøda. Nyhausta korn hadde han òg i skreppa. Då sa Elisja: «Gjev det til folket så dei får eta.»
43 Men tenaren hans sa: «Korleis kan eg setja fram dette for hundre mann?» «Gjev det til folket så dei får eta», tok Elisja opp att. «For så seier Herren: Dei skal eta og få meir enn nok.»
44 Så sette han det fram for dei. Dei åt, og det vart meir enn nok, som Herren hadde sagt.