9 Ein gong sa ho til mannen sin: «Høyr her! Eg veit at han som støtt kjem innom oss, er ein heilag gudsmann.
10 Lat oss laga eit lite takkammer til han og setja inn ei seng, eit bord, ein stol og ein lysestake. Så kan han ta inn der når han kjem til oss.»
11 Ein dag profeten kom dit, tok han inn i takkammeret og la seg der.
12 Så sa han til Gehasi, tenaren sin: «Rop på denne Sjunem-kvinna!» Tenaren ropa på henne, og ho kom bort til han.
13 Elisja sa til han: «Sei til henne: Høyr, du har hatt mykje bry for vår skuld. Kva kan vi gjera for deg? Kan vi leggja inn eit godt ord for deg hos kongen eller hærføraren?» Men ho svara: «Eg bur då midt iblant mitt eige folk.»
14 «Kva kan eg då gjera for henne?» spurde profeten. Gehasi svara: «Ho har ingen son, og mannen hennar er gammal.»
15 Då sa Elisja: «Rop på henne!» Han ropa på henne, og ho kom og vart ståande i døropninga.