11 Då vart Naaman sint og fór sin veg. Han sa: «Eg trudde han sjølv ville koma ut til meg, stå fram og kalla på Herren sin Guds namn, føra handa att og fram over den sjuke staden og fri meg frå sjukdomen.
12 Er ikkje Abana og Parpar, elvane ved Damaskus, like gode som alle vassdrag i Israel? Kunne eg ikkje lauga meg i dei og bli rein?» Så snudde han og fór bort i fullt sinne.
13 Men tenarane til Naaman kom og snakka med han. Dei sa: «Far, hadde profeten lagt på deg noko vanskeleg, ville du ikkje då ha gjort det? Kor mykje meir no, når han berre seier til deg at du skal vaska deg og bli rein!»
14 Så gjekk Naaman ned til Jordan og dukka seg sju gonger i elva, som gudsmannen hadde sagt. Då vart kroppen hans frisk att som kroppen til ein liten gut, og han vart rein.
15 Så vende han attende til gudsmannen med heile følgjet sitt. Då han kom dit, gjekk han fram for profeten og sa: «No veit eg at det ikkje finst nokon Gud på heile jorda utan i Israel. Ta no imot ei gåve frå tenaren din!»
16 Men Elisja svara: «Så sant Herren lever, han som eg tener: Eg tek ikkje imot noko.» Naaman bad han inntrengjande om å ta imot, men han ville ikkje.
17 Då sa Naaman: «Når du ikkje vil, så lat tenaren din få så mykje mold som eit par muldyr kan bera. For eg vil aldri meir bera fram brennoffer og slaktoffer til andre gudar, berre til Herren.