17 Då sa Naaman: «Når du ikkje vil, så lat tenaren din få så mykje mold som eit par muldyr kan bera. For eg vil aldri meir bera fram brennoffer og slaktoffer til andre gudar, berre til Herren.
18 Men ein ting må Herren tilgje meg: Når herren min, kongen, går inn i Rimmon-tempelet for å kasta seg ned og tilbe der og han stør seg på handa mi, så eg òg må kasta meg ned der i Rimmon-tempelet, då må Herren tilgje meg dette.»
19 Elisja svara: «Far i fred!»Då Naaman hadde gått frå han og var komen eit stykke på vegen,
20 sa Gehasi, som var tenestegut hos gudsmannen Elisja, til seg sjølv: «No har husbonden min spart denne aramearen Naaman og ikkje teke imot det han hadde med seg. Så sant Herren lever: Eg vil springa etter han og få noko av han.»
21 Dermed sette Gehasi av stad etter Naaman. Då Naaman såg at nokon kom springande etter han, hoppa han ned av vogna, gjekk imot han og spurde: «Er alt vel?»
22 «Alt er vel», svara Gehasi, «men herren min har sendt meg med dette bodet: To unge profetsveinar frå Efraim-fjella er nett komne til meg. Lat dei få ein talent sølv og eit par klesskift!»
23 Naaman svara: «Ver så snill å ta to talentar!» Han bad han inntrengjande og knytte to talentar sølv inn i to pungar. Så tok han to klesskift og gav til to av tenestegutane sine, som bar dei føre Gehasi.