17 Så bad Elisja og sa: «Å, Herre, opna auga til guten så han kan sjå!» Herren opna auga hans, og han fekk sjå at fjellet var fullt av eldhestar og eldvogner rundt omkring Elisja.
18 Då aramearane kom ned mot Elisja, bad han til Herren: «Slå dette folket med blindskap!» Og Herren slo dei blinde då Elisja bad.
19 Då sa Elisja til dei: «Det er ikkje denne vegen og denne byen. Følg meg, så skal eg føra dykk til den mannen de leitar etter.» Og han førte dei til Samaria.
20 Då dei kom dit, bad Elisja: «Herre, opna auga deira, så dei kan sjå!» Herren opna auga deira, og dei såg at dei var midt i Samaria.
21 Då Israels konge såg dei, sa han til Elisja: «Far, skal eg hogga dei ned?»
22 Han svara: «Du skal ikkje hogga dei ned! Har du teke dei til fange med sverd og boge for å hogga dei ned? Set brød og vatn fram for dei, lat dei eta og drikka og venda heim til herren sin.»
23 Kongen stelte til eit stort festmåltid for dei, og dei åt og drakk. Så lét han dei gå, og dei vende attende til herren sin. Sidan kom det ikkje fleire flokkar av aramearar for å plyndra i Israel.