2 Men våpenberaren som kongen støtta seg til, tok til orde og sa til gudsmannen: «Om så Herren laga luker i himmelen, kunne ikkje slikt henda!» Elisja svara: «Du skal få sjå det med eigne auge, men du får ikkje eta av mjølet.»
3 No sat det ved byporten fire menn som leid av hudsjukdom. Dei sa til kvarandre: «Kvifor skal vi bli sitjande her til vi døyr?
4 Seier vi at vi vil gå inn i byen, kjem vi til å døy. For der er det hungersnaud. Blir vi sitjande her, kjem vi òg til å døy. Kom, no går vi over til leiren til aramearane! Lèt dei oss leva, bergar vi livet; og drep dei oss, må vi døy.»
5 I skumringa braut dei opp og gjekk til aramearleiren. Men då dei kom til utkanten av leiren, fanst det ikkje eit menneske der.
6 Herren hadde late aramearane få høyra larmen av vogner og hestar, larmen av ein stor hær. Då sa dei til kvarandre: «Du skal sjå at Israels konge har leigd hetittkongane og egyptarkongane for å overfalla oss!»
7 Så braut dei opp og flykta i skumringa. Dei lét etter seg telta, hestane og esla sine, heile leiren slik han låg, og flykta for å berga livet.
8 Då desse mennene med hudsjukdom kom til utkanten av leiren, gjekk dei inn i eit telt, der dei åt og drakk. Dei tok med seg sølv, gull og klede og gjekk bort og gøymde det. Så kom dei att og gjekk inn i eit anna telt. Dei tok med seg det som var der òg, og gjekk bort og gøymde det.