5 I skumringa braut dei opp og gjekk til aramearleiren. Men då dei kom til utkanten av leiren, fanst det ikkje eit menneske der.
6 Herren hadde late aramearane få høyra larmen av vogner og hestar, larmen av ein stor hær. Då sa dei til kvarandre: «Du skal sjå at Israels konge har leigd hetittkongane og egyptarkongane for å overfalla oss!»
7 Så braut dei opp og flykta i skumringa. Dei lét etter seg telta, hestane og esla sine, heile leiren slik han låg, og flykta for å berga livet.
8 Då desse mennene med hudsjukdom kom til utkanten av leiren, gjekk dei inn i eit telt, der dei åt og drakk. Dei tok med seg sølv, gull og klede og gjekk bort og gøymde det. Så kom dei att og gjekk inn i eit anna telt. Dei tok med seg det som var der òg, og gjekk bort og gøymde det.
9 Men så sa dei til kvarandre: «Det er ikkje rett, det vi no gjer. Dette er dagen for gode nyhende. Teier vi og ventar til det lysnar i morgon, fører vi skuld over oss. Kom, lat oss gå og fortelja dette i kongeborga!»
10 Så gjekk dei og ropa på vakta i byporten. «Vi kom til aramearleiren», fortalde dei, «og der var det ingen å sjå og ingen å høyra. Men hestane og esla stod bundne, og telta var som dei plar vera.»
11 Portvaktene ropa dette vidare, og det vart meldt i kongeborga.