1 Ein dag sa Elisja til mor åt den guten han hadde vekt til live: «Bryt opp og dra bort, du og ditt hus! Slå deg ned der du kan. For Herren har kalla på hungersnauda. No kjem ho over landet i sju år.»
2 Kvinna braut opp og gjorde som gudsmannen sa: Ho drog av stad med heile sitt hus, og i sju år budde ho i filistarlandet.
3 Då sju år var gått, kom kvinna tilbake frå filistarlandet. Ho gjekk til kongen og trygla om å få att huset sitt og jorda si.
4 Kongen tala nett med Gehasi, tenaren til gudsmannen, og bad han fortelja om alt det store Elisja hadde gjort.
5 Og medan han fortalde kongen korleis profeten hadde vekt den døde guten til live, kom mor til guten. Ho trygla kongen om å få att huset sitt og jorda si. Då sa Gehasi: «Herre konge, dette er kvinna, og dette er son hennar, som Elisja vekte opp.»
6 Kongen spurde kona ut, og ho fortalde. Så sende han henne ein av hoffmennene sine og sa: «Syt for at ho får att alt det som høyrer henne til, og alt som er hausta på jorda hennar frå den dagen ho fór frå landet og til no.»
7 Ein gong kom Elisja til Damaskus medan Ben-Hadad, aramearkongen, låg sjuk. Då det vart meldt kongen at gudsmannen var komen,